Det eldgamle, heite ønsket:
Ta mi hand.
I alle tider det siste
og det viktigaste:
Ta mi hand og før meg,
før eg fell.
Ta mi hand og reis meg opp
så eg kan gå dei få stega.
Det er fem, eller kanskje sju.
La meg få gå dei
og koma over streken såleis,
med andletet fram.
Er redd å bli liggande
med andletet nedi,
fem steg frå streken,
andletet i saur og søppel,
det er difor.
Ta di hand og vask det bort
i hardveret.
Alt det eg ikkje ville.
Der er eit ver for slikt.
Det bur i dine hender.
Mi villfarne hand, tumlande
der ho ikkje hadde noko å gjera-
fordi alt var så lavande rikt
og liksom for meg, for meg.
Alltid søkande i blinde.
Stum står ein i mørkret.
Ei hand full av støkk
og takk og undring,
kan eg rekke deg den?
Tarjei Vesaas
Ta mi hand.
I alle tider det siste
og det viktigaste:
Ta mi hand og før meg,
før eg fell.
Ta mi hand og reis meg opp
så eg kan gå dei få stega.
Det er fem, eller kanskje sju.
La meg få gå dei
og koma over streken såleis,
med andletet fram.
Er redd å bli liggande
med andletet nedi,
fem steg frå streken,
andletet i saur og søppel,
det er difor.
Ta di hand og vask det bort
i hardveret.
Alt det eg ikkje ville.
Der er eit ver for slikt.
Det bur i dine hender.
Mi villfarne hand, tumlande
der ho ikkje hadde noko å gjera-
fordi alt var så lavande rikt
og liksom for meg, for meg.
Alltid søkande i blinde.
Stum står ein i mørkret.
Ei hand full av støkk
og takk og undring,
kan eg rekke deg den?
Tarjei Vesaas
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar