18. august 2008

Lyset

Kjære, alt ditt som du viser meg no
- så utenkt som mangt av det er -
kan det vel hende eg ikkje forstod
om du ikkje var meg så kjær.

Eg stansa vel uviss, utan svar,
som framfør eit ukjent land,
om ikkje min kjærleik til deg var
for meg som ei lykt i mi hand.

Den lyser meg fram, så eg kan gå inn
og gjera meg kjend i kvar krok.
det er ikkje sant at kjærleik gjer blind.
Kjærleik gjer klok.

Halldis Moren Vesaas

Ingen kommentarer: