3. juli 2008

Vener er til for kvarandre


Ville så gjerne lakt lækjande salve
på såret som ikkje vil gro.
Ingen har rett til å trengja seg inn,
men kunne det vera eit ørlite solstreif
at eg er ilag med deg no?

Du ser at eg famlar i blinde,
du veit at eg ikkje forstår.
Men kanskje dei tårer
som renn i mitt hjarta
kan leggja litt balsam på dine sår?
Vener er til for kvarandra,
er til for å vera nær.
Men ingen har rett til å trengja seg inn,
i dag vil eg sitja på dørstokken din
og venta på handa di der.


Ingen kommentarer: