11. mai 2011

Du henta ei stjerne ned

Du henta ei stjerne ned
frå den blå himmelen til meg i dag,

og tende lys over dagen min. 
Andletet ditt opna seg i eit smil 
da vi møttest.
Augo dine bar i seg ein varme.
Du rørte lett ved armen min.

Det var ikkje orda vi delte,
men det du tende i meg,
det du opna i meg.
At nokon bryr seg.
Det vart så uendelig godt
å vera til. 



 Bente Bratlund Mæland: 

Ingen kommentarer: