18. august 2008

Du i meg

Den morgonen eg vakna
vart alt så underleg.
Sæl kjende eg
det levde eit du i meg.
Nyskapt stod alt ikring meg.
Og lukkeleg og still
kom gleda hit og melde
at du er til.

Jan Magnus Bruheim

Ingen kommentarer: